Han Simon i støa og katten
var mette av alder og år, og båe var redde for vatten, og båe ver mest utan hår. Og alt medan åra tok ende so tenkte vel kallen med seg, at her var det tryggast kanhende, å fyrst sende katten i veg. Han prøvde med mange slags greier, frå oljen i pipa til kniv, men etter som røynde folk seier har katten fleirfoldige liv. Han gjorde sitt yttarste, kallen, på det å bli katten sin kvitt, til dess han fikk sett seg i skallen å prøyve med blank dynamitt. Han kjøpte patrona på bua med lunte av likaste sort, og rusla so heim i den trua at no var det endeleg gjort. So henta han katten i hagen og surra med skjelvende hand patrona på plass under magen med tridubbelt snøsokkeband. Han sprang i det same han tende og skolv enda lunta var lang, men rekna kje med ka som hende då katten fekk sjå kor han sprang. For best som han redd rende frå han som kua i stivbein galopp, var katten i hælane på han og dansa med lystige hopp.
Og kallen vart meir og meir fælen
di meir han så katten vart kåt, og katten vart meir og meir kjælen, di lygnare kallen for åt. Han sprang som en ungdom på atten, og skamtrakka voksterleg gras, so ingen kan undrast at katten fann ut det var mykje til stas. Og kallen låg flat etter reina, han heldt seg for bringa og bles, med katten på sprang mellom beina og lunta i rykande fres. Og lunta vart kortar' og kortar', - han kjende det meir enn han såg, og kallen sprang fortar' og fortar' med kurs for ei løe der låg. Og det var han Simon i støa, tilårskomen , julbeint og rund, han kappsprang med døden mot løa og slo han med knapt eit sekund. For midt under hardeste taket smatt Simon fortumla i ly, og nett i det same kom braket so moldspruten sto som ein sky. Og døra og litt utav veggen dreiv saman med dundar og brak, og somt fauk i låre og leggen, men verst vart han skamfaren bak. Og doktor vart bodsend og presten, og kallen vart plåstra og smurd so pass han sto oppatt på resten, men katten vart aldri meir spurd. |
Kallen og Katten ved Jacob Sande
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar