I morgon vil eg byrja
på eit nytt og betre liv,
trur eg.
Eg skal aldri gå på
fylla meir og skjera folk med
kniv,
trur eg.
Eg skal aldri skråla
visar meir i laddevinsrus,
men synge åndelege
sanger i Zions bedehus,
trur eg.
Alle kvinnfolk som eg
møtar skal eg sky som bare
fan,
trur eg.
Og gå vyrdeleg forbi
dei som ein nybakt
kappelan,
trur eg.
Eg skal sitte som ein
munk i ein misjonskone-ring,
og drikka kaffe medan
drøset går um åndelege
ting,
trur eg.
Det skal ingen meir få
sjå meg når det lir til høgste
natt,
trur eg,
koma ruslande på heimveg
utan stivety og hatt,
trur eg.
Eg skal legga meg når
grisen går til kvile i sitt bol,
og stå opp når hanen
flakser og gjel i morgonsol,
trur eg.
Ja, i morgon skal eg
byrja på den gode veg som
sagt,
trur eg.
Taka striden upp mot
kjøtet og den heile
develsmakt,
trur eg.
Men i dag lyt det få
vera, for eg er so spøkje tyrst
at eg må ha eit ølkrus
til å leska meg på fyrst,
trur eg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar